torsdag 4. desember 2008

Friluft i store mengder!

Etter masse tenking og grubling, fann eg ut at eg skal gjere da! Ein tur til Femundsmarka, ein nasjonalpark på svenskegrensa, rett sør for Røros. Planen min er å vere der i ein måned, bare vandre rundt i villmarka, sove under open himmel, fiske og kose meg med leirbålet.

Men dette krever jo ein del planlegging og ikkje minst oppgradering av det utstyret som eg allerede har idag, eg må ha meg eit telt som ikkje er så stort, for idag har eg kun ein lavvu, og det blir for masse å bære med seg når ein er kun ein mann.

Turen har eg nettopp begynt å sjå litt på, men ein ting har eg funne ut, eg skal starte i nord og vandre sørover.
Det finnes jo mangen oppmerka stier og ruter som ein kan følge, hytter ein kan overnatte i, men eg vil finne min egen vei gjennom villmarka.

Drømme bildet: Sette leir rett ved eit lite tjørn, med kiloørret til kvelds, ligge ved leirbålet å sjå sola gå ned i horisonten. Berre nyte stillheten og høyre knitringen frå bålet, det er drømmen!


Men det er lenge igjen enda, eg venter til våren er kommet før eg legger avgårde, har ikkje noen plan om å reise i snøen.

Meir kommer med tida!