mandag 12. januar 2009

Helgetur til Sogndal :)

Lørdag tok eg turen til Sogndal for å ta meg ein fest med min gode venn Ricardo. Han hadde ordnet vors på studentheimen, og vi skulle gå opp dit ca. kl 19. Etter eit par øl heime hos

Ricardo så tok vi mot til oss og for ut på glatta i retning, Studentheimen!! Å eg skal sei deg at i Sogndal er da glatt, trur ikkje kommunen har hørt om sand til å strø med??!!! Men iallefall så kom no vi oss heilskina opp til der vi skulle vere, sjølv om da var nære på eit par ganger!! :)
Vors-spelet var kjempe bra, vi vart ein del folk etter kvart, og eg blei litt kjent med ein del av dei!!

Etter ein del øl og litt tequila følte vi oss klare til å innta utelivet i Sogndal, vi var ein liten gjeng som tok turen ned på Soho for å sjekke ut livet der! Når vi først kom der var det ikkje mangen som hadde komme seg ut enda, men etter kvart kom det ein del fleire. Etter ein del dansing og litt meir å drikke fann vi ut at vi nå skulle ta turen opp til Meieriet for å sjekke ut livet der!! :) 

Det var kun Laben som var åpen, så det vart litt meir intimt enn på Soho. Men Meieriet svikter aldri, traff ein del gamle kjente og ølen smaker jo heilt utmerket her!! Etter ein del og drikke begynte ein å føle seg klar for nachspel, men så plutselig var stemningen
regelrett heilt i taket igjen. Det kom på 2 sanger, som gjorde Meieriet til reine korsamlingen, "We are the world" og "Sammen for livet", dette var 2 sanger som fekk så å sei alle som var der opp på bord, stoler, sofaen og så å sei alt ein kunne stå på. Har egentlig aldri forstått kvifor det er så mangen hol i sofaen på Meieriet, men å har det gått opp for meg ;)

Etter ei lita stund bar det avgårde til Heimen, for å fyre igang eit nachspel. På veien gjek vi forbi kebaben, og der vart det ein liten etterlengta matbit, før vi snubla oss videre på isen i Sogndal. Nå var det kun meg og Ricardo igjen av den lille gjengen som hadde gått på Soho, Marianne var den siste som forlot oss, da ho følte det var på tide å finne veien heim :)

Vart ikkje lenge på nachspel, då vi vart så trøtte å slitne, at turen gjekk heim til ei god og varm seng!

Vel heime i Vadheim, sitter eg tilbake med gode minner fra denna helga :) Hadde det kjeme kjekt, og blei kjent med ein del folk, noen bedre enn andre ;) så det blir nok ein tur til Sogndal igjen om ikkje så lenge :)

0 kommentarer: